Juni 2020 – Bruk av Superb Microvascular Imaging (SMI) ved evaluering av lymfeknutevaskulatur i ung pasient med brystkreft

Ei 29 år gammal kvinne kjem til brystdiagnostisk poliklinikk med ein øm klump i høgre bryst og palpalble aksillære lymfeknuter. Ho var frå før frisk utan brystkreft i familien.

Ultralyd viste ein 20 mm masse som gjekk bakover inn i brystveggen med forstørra lymfekjertlar i aksilla. Kjernebiopsi viste grad 3 invasivt duktalt karsinom (IDC). T3P3M2. Aksillær FNA var positiv for metastatisk sjukdom. Pasienten starta på kjemoterapi.

Grunna aggressiv cancer i ein ung pasient, gjorde ein staging studie med PET/CT der ein fann ein liten, men metabolsk aktiv lymfeknut i høgre fossa supraklavikularis. Ultralyd av dette området avdekka fleire små lymfeknutar. The mest prominent var 10 x 4 mm og hadde normal struktur, men berre lett kortikal fortjukning. Power Doppler (PDI) og farge-Doppler (CDI) viste blodårer sentralt men elles ingen mistenkelige trekk. Ved Superb Microvascular imaging (SMI), fann ein derimot abnormal perifer vaskularitet som var lettast å sjå i monokrom-modus. Dette gjorde lymfeknuten mistenkelig for malignitet og korrespondert med knuten sett på PET-skan. Vidare FNA av denne knuten stadfesta metastatisk sjukdom.

Pasienten fekk høgresidig mastektomi og høgre nivå 3 aksilleglandeldisseksjon og høyre nivå 4/5 halsglandeldisseksjon.

Gå til EFSUMB for den komplette kasuistikken med fleire bilete!