Ein elles frisk allmennpraktiserande lege med spesiell interesse for ultralyd og hummerfiske fell mot ripa i det han skal trekke tunge hummarteiner i ruskevær ein novemberettermiddag. Han sjølvdiagnostiserer seg umiddelbart med høgresidig costafraktur i midtklavikulærlinja til ribbein nummer 3 basert på inspiratoriske og palpatoriske smerter. Ektefellen som ikkje vart trudd då ho påstod ho hadde hosta på seg costafraktur nokre år tidlegare viste lite sympati og sa ho ikkje trudde på han. Han gjekk då til det steg å nytte sin GE Logiq P5 (GE Healthcare, Wisconsin, WI, USA) med linær probe på 12 MHz for å få bevis for påstanden. Den kliniske diagnosen vart bekrefta, noko som førte til ønska sympati både hjå kona og 24 likes på facebook, inkludert 10 frå gruppa til Forening for ultralyd i allmennpraksis (FUA).
Resultat: Funna er typiske for ribbeinsfrakturar (bilde 1). I ein studie av Hurley et al. viste 93% diskontinuasjon av korteks, akustisk kantskugge i 60%, reverbasjonsartifakt frå bruddkant i 40% og lokalt hematom i 27%. Ein fann pleuravæske hjå 20%, men ingen pneumothorax.
Diskusjon: Er dette ein undersøkelse som egnar seg for bruk av allmennpraktikarar og på legevakt/akuttmottak? Blant eit utvalg av artiklar frå PubMed-søk med søkebegrep innan ultralyd, allmennpraksis og akuttmedisin (eksakt søkealgortime kan fås frå forfattar) finn ein 2 relevante artiklar. Ein prospektiv observasjonsstudie av Pishbin et al. viste 98.3% på ultralyd, mot 1.7% på røntgen aleine (eit subskapulært brot). Ca 45% av ultralydverifiserte brot viste på røntgen. Ein gjennomførbarheits-studie av Lalande et al. fann 41% av PoCUS-frakturane på røntgen, men her var det også fleire av frakturane på røntgen som ikkje vart funne på PoCUS (63%). Ingen av studiene kunne rekna spesifisitet i mangel på gullstandard. Kan hende held det med den kliniske diagnosen i dei fleste tilfella, men pasientnær ultralyd kan ha pedagogisk nytte i møte med pasienten når ein skal forklare behandling og prognose. Og ikkje minst kan ein få sympati frå ektefellen.
Denne kasuistikken ble presentert i abstract-konkurransen av fastlege Bjarte Sørensen under NFUDs årssymposium i Stavanger 2018
Lalande, Élizabeth, Chantal Guimont, Marcel Émond, Marc Charles Parent, Claude Topping, Brice Lionel Batomen Kuimi, Valérie Boucher, and Natalie Le Sage. 2017. “Feasibility of Emergency Department Point-of-Care Ultrasound for Rib Fracture Diagnosis in Minor Thoracic Injury.” CJEM 19 (3): 213–19.
Pishbin, Elham, Koorosh Ahmadi, Molood Foogardi, Maryam Salehi, Farrokh Seilanian Toosi, and Vafa Rahimi-Movaghar. 2017. “Comparison of Ultrasonography and Radiography in Diagnosis of Rib Fractures.” Chinese Journal of Traumatology = Zhonghua Chuang Shang Za Zhi / Chinese Medical Association 20 (4):226–28.